Browsing All Posts published on »mai, 2011«

Bukken med kollegaer, torsdag 26. mai.

mai 28, 2011

7

Kvv stilte med Egil, Øyvind, Hilde, Sven og Rolf. Tur til Bukken, Egil med ny randonnerigg, så fornøgd!! Elles var det dekka med Islandsk aske heile 1. krampe.. Snøen kjem til å forsvinne fort! Nysnø over. Blandingsføre og ein flott tur i godt selskap!!

22. mai, Bukken i vind!

mai 23, 2011

2

Sørleg sterk vind stoppa ikkje Kenneth, Gunnar og Rolf frå å ta ein søndagstur på Bukkanuten. Var meldt opphald fram til ca 12, så det vart tidleg avreise. Sørleg vind er gunstig for oppgåinga til Bukken, 1. og andre krampe går i le. Kenneth var prega av hardkøyr på laurdag, så vart litt uvanleg etter…. […]

Ettermiddagstur på Bukkanuten, 11.mai

mai 11, 2011

3

Kenneth, Øyvind og Rolf tok ut etter jobb. Heftige diskusjonar om løypeval på tur opp, det sto mellom Pinselåmo eller Light/Ekstrem m/pluss eller Light/Dusj/Front/Ripelsmette. Alle var mogleg framleis sjølv om det skorter på snø spesiellt i ekstremen og plussen. Ripelsmette byrjar bli smalt og, så valet fall på det. Alle hadde lyst på Frontlåmo. Bratte […]

2 fjellsturen 8.mai!

mai 8, 2011

3

2 fjellsturen har blitt ein klassikar! To flotte nedkøyringar frå to ulike fjell, to oppturar på to fjell er ikkje heilt vanleg. Håvard og Kenneth stilte med Audiane sine og derved var det mogleg for Knut, Steinar og Rolf å få turen. Flott oppstigning til Bukken i kraftig motvind. Blåste kraftig på toppen. Ned Vetrus […]

Kollegatur til Sandvasshorjo

mai 8, 2011

0

Egil, Hilde, Øyvind og Rolf nytta finværet og fekk ein flott tur til Sandvasshorjo i beste snø! Egil sin første topptur i år, for Hilde som imponerte, sin første topptur på telemarkutstyr nokonsinne. Nydelege svingar i beste vårslush for alle. Masse snø i Storbjørnsli!

23. april Turi endeleg på Ingahogg.

mai 8, 2011

0

Etter mykje småerting frå storesyster om at ho ikkje hadde vore på Inga, fekk Turi endeleg turen sin! Nydeleg vær og godt selskap av Martin. Mange flotte svingar ned mot Nautavatn. Etter ein pause, vart det opp att på ryggen mot Fuglatjønna. Flott nedkøyring gjennom anlegget!