22. mai, Bukken i vind!

Posted on 23. mai 2011

2


Sørleg sterk vind stoppa ikkje Kenneth, Gunnar og Rolf frå å ta ein søndagstur på Bukkanuten. Var meldt opphald fram til ca 12, så det vart tidleg avreise.
Sørleg vind er gunstig for oppgåinga til Bukken, 1. og andre krampe går i le. Kenneth var prega av hardkøyr på laurdag, så vart litt uvanleg etter…. Men på toppen av 3.krampe sto vinden rett i fjeset. Eg gjorde meg liten å gjekk i le av Gunnar, sjølv om at han har blitt så liten at det ikkje var mykje som tok av for vinden.
Kroa oss bak varden på toppen, før vi tok den klassiske heimturen. Topplåmo i våt nysnø, midtlåmo i rassnø og Håvardslåm ekstrem i flott snø…. heilt i bånn!
Flott tur i godt selskap!!

Posted in: Ukategorisert